Informasjon

Stad
Stavanger
Tid
Frå måndag 12. november 2018 kl. 09.30
Til tysdag 13. november 2018 kl. 15.00
Påmeldingsfrist
Onsdag 24. oktober 2018 kl. 23.59

Aktiviteten er ferdig og det er ikke mulig å melde seg på lenger.

I samarbeid med Hordaland og Rogaland fylkeskommunar, arrangerer Sogn og Fjordane fylkesbibliotek Fagforum Vestlandet, eit fagforum for skulebibliotektilsette i vidaregåande skule.

Fagfornyinga: Vi skal fornye læreplanane ved å gjere dei meir relevante for framtida. Faga skal få meir relevant innhald, tydelegare prioriteringar og samanhengen mellom faga skal bli betre. Nye læreplanar vil først vere klare for elevane hausten 2020.  

kva blir skulebibliotekets rolle?

Dag 1 - Fokus på fagfornyinga

Stad: Stavanger katedralskole, Kongsgård
Målgruppe: Skulebibliotektilsette

09.30:    Registrering + frivillig omvising på Stavanger katedralskole
10.00:    Velkommen, ved Randi Hummervoll, Seksjonssjef, Seksjon for opplæring i skole, Rogaland fylkeskommune

Få oversikt over arbeidet med dei nye læreplanane

10.05:    Kva er Fagfornyinga, ved Randi Hummervoll, Rogaland fylkeskommune og Ingeborg Lovise Tyse, Utdanningsforbundet.
10.45:    Pause
11.00:    Fagfornyinga: Forankring, prosess og forventningar, ved Gro Lokøy, lærar ved Sola vgs og medlem i læreplangruppa for framandspråk
11.45:    Fagleg mingling – Ragnhild Lunde, skulebibliotekar ved St. Svithun vgs held ei kort innleiing om dei tverrfaglege temaa i Fagfornyinga før diskusjon.
12.45:    Lunsj

Bruk av litteraturformidling i undervisninga

13.45:    Leseglede og litteraturformidling i vidaregåande skule, ved Arild Michel Bakken, Lesesenteret
14.15:    Else Brita Ness, bibliotekar ved Sogndal vgs, fortel om samarbeidet ho har med barne- og ungdomsarbeidarfaget om formidling av barnelitteratur.
14.30:    Read On – leseprosjekt, ved Gro Helen Preston, bibliotekar ved Haugland vgs
14.45:    Barbro Mandelid frå Laksevåg vgs i Hordaland presenterer leseprosjekt tilrettelagt for vg1-klassar. Eit prosjekt i samarbeid med norsklærarar, der Facebook blei brukt som hjelpemiddel.

Korleis samarbeide med dei andre på skulen

15.00:    Sofadebatt: Lukka er ein læreplan – om å jobbe tverrfagleg, krav og ansvarleggjering, med Turid Myhra, rektor ved Randaberg vgs og Inger Hilde Wold Ingebretsen, lektor Hetland vgs. Samtaleleiar Christiane Elisabeth Osestad-Schiz, bibliotekar ved Stavanger katedralskole.


Dag 2 - Fokus på den digitale skulen

Stad: Stavanger katedralskole, Kongsgård
Målgruppe: Skulebibliotektilsette og IKT-pedagogar

«Skolebibliotekarer blir anbefalt å ha en rolle i å tilby digitale læremidler i meldingen «Digital agenda for Norge» med bakgrunn i skolebibliotekets posisjon i skolen som læringsarena i og på tvers av alle fag.»

- korleis kan skulebiblioteket bidra til elevens digitale læring?  

08.30:    Kaffi og noko å bite i
09.00:    Korleis tar ein hand om digitale ferdigheiter i Fagfornyinga?, ved Utdanningsdirektoratet.

Kva finnes av læringsressursar som skulebiblioteket kan bruke?

09.45:    Universitetsbiblioteket i Bergen informerer om digitale ressursar og samarbeid med vidaregåande skular, ved Henry Langseth, universitetsbibliotekar ved Bibliotek for samfunnsvitskap og musikk.
10.30:    Pause 
10.45:    Kan Wikipedia brukast i undervisninga om kjeldekritikk? Nokre erfaringar frå lærarutdanninga, ved Hilde Brox, universitetslektor ved Institutt for lærerutdanning og pedagogikk, UiT
11.30:     Lunsj

Bruk av digitale læremiddel og -ressursar i undervisninga

12.30:    Læremiddel og arbeidsformer i den digitale skulen, ved Øystein Gilje, førsteamanuensis ved Institutt for lærerutdanning og skoleforskning, UiO
13.30:    Skulebiblioteket – ein arena for digital innovasjon?, ved Hanne Nesset, skulebibliotekar ved Porsgrunn vgs.

Vi koder!

14.30:    Eit nybyrjarkurs «Koding i skolen», med Hanne Madsen, museumslektor frå Vitenfabrikken i Sandnes.
15.00:    Slutt – takk for denne gong og vel heim!

 

Bindande påmelding innan 24. oktober

 

Kursansvarleg er Astrid Sundset Moe, kontakt ho om du har spørsmål (tlf. 57 63 79 53).