Fylkesting for ungdom 2018

Deltakarar på fylkesting for ungdom 2017.

Påmelding til fylkesting for ungdom 2018.

Vel fanene påmelding, kontakt eller samtykkeskjema øvst på sida.


Foto: deltakarane på fylkesting for ungdom 2016.

Påmeldingsskjema FFU 2018

Alternativ for deltaking og prisar.

  • Deltek fredag til søndag; overnatting på dobbeltrom inkl. middag fredag, frukost, lunsj og middag laurdag, og frukost og lunsj søndag: kr 2700.
  • Deltek laurdag, inkl. lunsj og middag, ikkje overnatting: kr 900.
  • Deltek søndag, inkl. lunsj: kr 550.

Pga. avgrensa plassar vil påmelding for delegatar bli prioritert dersom det vert mange påmelde.

Kostnader og fakturering
Kostnadane for opphald og reise vert dekka av kommunen for delegatar og observatørar frå ungdomsråda, og det er difor kommunen som må melde på deltakarar frå ungdomsråda. Politiske parti og fylkesdekkjande ungdomsorganisasjonar dekkjer kostnadar for sine deltakarar. Fylkeskommunen sender ut faktura i etterkant av samlinga.

Påmeldingsfrist
Påmelding innan måndag 9. mars 2018. Avmelding etter fristen blir fakturert fullt ut.

 

Samtykkeskjema
Alle deltakarar på FFU må sende inn signert samtykkeskjema for at dei skal få delta på fylkesting for ungdom. Dette i høve til reiseforsikring, reglar, særskilde omsyn og generell informasjon om fylkestinget. Mindreårige deltakarar må ha signatur frå føresette. Også myndige deltakarar skal signere på skjemaet og stadfeste at dei er orientert om og godtek reglar og annan informasjon om FFU. Skjemaet finn du i fana samtykkeskjema øvst på sida eller på fylkeskommunen si nettside: www.sfj.no.

 

Ordensreglar
Nettverkssamlinga er eitt rusfritt arrangement. Deltakarar som bryt kravet om rusfritt arrangement vert sende heim, på eiga rekning. Om dette gjeld ein person på under 18 år vil fylkeskommunen orientere føresette. Alle deltakarane er gjestar på Thon Hotel Jølster, og skal fylgje det reglementet som er der, m.a. med omsyn til nattero og branntryggleik.

 

Overnatting
Alle deltakarar skal i utgangspunktet dele rom med ein annan deltakar, av same kjønn. Så langt som råd prøver vi å plassere deltakarane på rom med nokon dei kjenner frå før, og med nokon som er i om lag same alder. Dersom det er grunnar til at ein deltakar treng enkeltrom kan kommunen/partiet/organisasjonen eller deltakaren sjølv ta kontakt med Guro Høyvik i fylkeskommunen for å avtale dette. Sjå fana "kontaktinformasjon" øvst i bildet. Det kan då bli eit tillegg i prisen.

 

Tal delegatar og observatørar
Kvar kommune, politiske ungdomsparti og fylkesdekkande ungdomsorganisasjon kan sende to delegatar og to observatørar kvar. Dei mest folkerike kommunane kan sende fleire delegatar, j.f. § 4-1 i vedtektene for FFU.


Desse kommunane kan sende følgjande tal delegatar totalt:

  • Flora: 4
  • Førde: 4
  • Gloppen: 3
  • Luster: 3
  • Sogndal: 3
  • Stryn: 3
  • Vågsøy: 3
  • Årdal: 3


Melde på fleire samstundes

For å melde på fleire deltakarar frå same kommune trykk på den grå knappen "+ Meld på flere" rett under skjemaet.

 

Meir informasjon
Meir informasjon, vedtekter, rammeprogram osv. finn du på på fylkeskommunen sine nettsider; www.sfj.no/fylkesting-for-ungdom.

 

Ungdomspolitisk utval og Sogn og Fjordane fylkeskommune ynskjer vel møtt til fylkesting for ungdom!

 

Kontaktinformasjon


Guro Høyvik
rådgjevar, nærings- og kulturavdelinga
Sogn og Fjordane fylkeskommune
mob. 415 30 608 (993 65 299)
e-post: guro.hoyvik@sfj.no

 

Ole Martini
leiar, ungdomspolitisk utval
mob. 413 93 028
e- post: ungdomspolitiskutval@sfj.no



Informasjon

Stad
Thon Hotel Jølster
Tid
Frå fredag 6. april 2018 18.00
Til sundag 8. april 2018 14.00
Påmeldingsfrist
Fredag 9. mars 2018 23.00
{{ form.errors.get('recaptcha_token') }}

Kontaktinformasjon

Guro Høyvik
rådgjevar, nærings- og kulturavdelinga
Sogn og Fjordane fylkeskommune
e-post: guro.hoyvik@sfj.no
mob. 415 30 608

{{ forms.contact.errors.get('name') }}
{{ forms.contact.errors.get('email') }}
{{ forms.contact.errors.get('message') }}
{{ forms.contact.errors.get('recaptcha_token') }}

Samtykkeskjema

Alle deltakarar på fylkesting for ungdom (FFU) må fylle ut og signere eit samtykkeskjema, dette i høve til reiseforsikring, reglar og generell informasjon om FFU. Mindreårige deltakarar må ha signatur frå føresette på eige skjema for at dei skal få delta på fylkesting for ungdom. Også myndige deltakarar skal signere på skjemaet og stadfeste at dei er orientert om og godtek reglar og annan informasjon om FFU.

 

 

Innsending:

Du kan skanne eller ta bilde av skjemaet og sende som vedlegg til e- post; postmottak.kultur@sfj.no. Eller sende inn pr. brev til Sogn og Fjordane fylkeskommune, pb. 173, 6801 FØRDE innan 22. mars 2018. Merk brevet med «Samtykkeskjema fylkesting for ungdom».