Fylkesting for ungdom 2018.

Påmelding til fylkesting for ungdom 2019.

Vel fanene påmelding, kontakt eller samtykkeskjema øvst på sida.


Foto: deltakarane på fylkesting for ungdom 2018.

Påmeldingsskjema

 

Du finn all informasjon om fylkesting for ungdom 2019 på fylkeskommunen sine nettsider: www.sfj.no/fylkesting-for-ungdom.


Kven kan melde på
Delegatar og observatørar frå ungdomsråda vert valt av kommunane, og det er kommunane som dekker kostnadane for opphald og reise. Difor er det kommunen som må melde på deltakarar frå ungdomsråda. Politiske parti og fylkesdekkjande ungdomsorganisasjonar melder på sine deltakarar og dekkjer kostnadane for dei. Fylkeskommunen sender ut faktura i etterkant av samlinga.

Etter vedtektene for fylkesting for ungdom skal ein delegat eller observatør til FFU vere mellom 13 og 23 år og skal ha folkeregistrert adresse i Sogn og Fjordane fylke. Kommunane, dei politiske ungdomspartia og dei fylkesdekkande ungdomsorganisasjon kan sende to delegatar og to observatørar mellom 13 og 23 år. I tillegg kan dei mest folkerike kommunane sende fleire delegatar, j.f. vedtektene for FFU. Etter vedtektene for fylkesting for ungdom skal ein delegat eller observatør til FFU vere mellom 13 og 23 år og skal ha folkeregistrert adresse i Sogn og Fjordane fylke.


Melde på fleire samstundes

For å melde på fleire deltakarar frå same kommune trykk på den grå knappen "+ Meld på flere" rett under skjemaet.


Samtykkeskjema
Alle deltakarar på FFU må sende inn signert samtykkeskjema for at dei skal få delta på fylkesting for ungdom. Dette i høve til reiseforsikring, reglar, særskilde omsyn og generell informasjon om fylkestinget. Mindreårige deltakarar må ha signatur frå føresette. Også myndige deltakarar skal signere på skjemaet og stadfeste at dei er orientert om og godtek reglar og annan informasjon om FFU. Skjemaet finn du i fana samtykkeskjema øvst på sida eller på fylkeskommunen si nettside: www.sfj.no.


Stadfesting på at påmeldinga er sendt inn
Skjemaet er ikkje sendt inn før du har trykt på "send inn"- knappen, og får opp ein boks med ei grøn hake midt på skjermen. Stadfesting på e- post går automatisk til deltakaren som er meld på. Er du i tvil om påmeldinga er registrert kan du sende ein e- post til guro.hoyvik@sfj.no.


Påmeldingsfrist
Påmelding innan 15. mars 2019. Avmelding etter fristen blir fakturert.


Meir informasjon

Meir informasjon, vedtekter, rammeprogram osv. finn du på på fylkeskommunen sine nettsider; www.sfj.no/fylkesting-for-ungdom.

 

Ungdomspolitisk utval og Sogn og Fjordane fylkeskommune ynskjer vel møtt til fylkesting for ungdom.


Kontaktinformasjon

Guro Høyvik
rådgjevar, nærings- og kulturavdelinga
Sogn og Fjordane fylkeskommune
e-post: guro.hoyvik@sfj.no
mob. 415 30 608 (993 65 299)

Kamilla Rivedal
Leiar, ungdomspolitisk utval
e- post: ungdomspolitiskutval@sfj.no
mob. 482 81 461



Informasjon

Stad
Thon Hotel Jølster
Tid
Frå fredag 5. april 2019 kl. 18.00
Til sundag 7. april 2019 kl. 14.30
Påmeldingsfrist
Sundag 24. mars 2019 kl. 23.00
{{ form.errors.get('recaptcha_token') }}

Kontaktinformasjon

Guro Høyvik
rådgjevar, nærings- og kulturavdelinga
Sogn og Fjordane fylkeskommune
e-post: guro.hoyvik@sfj.no
mob. 415 30 608

{{ forms.contact.errors.get('name') }}
{{ forms.contact.errors.get('email') }}
{{ forms.contact.errors.get('message') }}
{{ forms.contact.errors.get('recaptcha_token') }}

Samtykkeskjema

Alle deltakarar på fylkesting for ungdom (FFU) må fylle ut og signere samtykkeskjemaet du finn lenger nede på sida for at dei skal få delta på fylkesting for ungdom.

På dette skjemaet stadfester ein at ein kjenner til og godtek reglar for og informasjon for FFU, og ein kjem med informasjon om særskilde behov, reiseforsikringar osv. For mindreårige deltakarar må føresette fylle ut og signere ein del av skjemaet. Også myndige deltakarar skal signere på skjemaet og stadfeste at dei er orientert om og godtek reglar og annan informasjon om FFU. Ein må fylle ut eit nytt skjema sjølv om ein har sendt inn skjema for deleteking på eit av UPU sine arrangement tidlegare, til dømes nettverkssamling for ungdomsråd.

 

 

Innsending:

Du kan skanne eller ta bilde av skjemaet og sende som vedlegg til e- post; guro.hoyvik@sfj.no. Eller sende inn pr. brev til Sogn og Fjordane fylkeskommune, pb. 173, 6801 FØRDE innan 20. mars 2019. Merk brevet med «Samtykkeskjema fylkesting for ungdom».