Om konferansen

Vestlandsrådet ved fylkeskommunane i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal inviterer til nasjonal konferanse om cruiseturisme til Norge i Bergen 29. oktober 2019. Konferansen er aktuell for alle aktørar i Norge som er involvert i cruisturisme, samt interesseorganisasjonar, offentlege etatar, kommunar, fylke og departement.

Hovudmålet med konferansen er å auke kunnskapen kring nokre av utfordringane knytt til cruiseturisme i Norge. Både næringa og det offentlege har behov for å planlegge og ta best mogelege avgjersler om korleis ein skal legge til rette og møte den forventa veksten i cruisetrafikk til Norge, som prognosane peiker på.

Sjølve konferansen vil veksle mellom presentasjonar, paneldiskusjonar og debatt der konferansedeltakarane deltek.

Konferansen er ein dagskonferanse (09.00-16.30) på Grand Hotel Terminus i Bergen. Deltakaravgifta er 500 kr og inkluderer lunsj. Betaling krevst ved påmelding.

 

Eventuell overnatting i samband med konferansen ordnar den enkelte konferansedeltakar sjølv.

 

 

Kontaktinformasjon:

Trond Amland

Prosjektleiar

Handlingsplan Cruisestrategi for Vestlandet

e-post: trond@reiselivsutvikling.no

mobil:  908 55 755

Påmeldingsskjema

Informasjon

Tid
Tysdag 29. oktober 2019 kl. 09.00 - 16.30
Påmeldingsfrist
Fredag 25. oktober 2019 kl. 23.59
Produkt
Dagpakke
Pris
500,00
Totalt
{{ data.formattedPrice + ' ' + data.currency }}
{{ form.errors.get('recaptcha_token') }}

Program

  • 08.00

    Registrering

  • 09.00

    Velkommen ved leiar av Vestlandsrådet, fylkesordførar i Rogaland

  • 09.15

    Opningsføredrag v/statssekretær Atle Hamar, Klima- og miljødepartementet

  • 09.50-11.20

    Treng vi ein nasjonal cruisestrategi og kva bør denne vektlegge og prioritere?

    Innleiing ved representantar frå ulike delar av cruisenæringa og med påfølgjande paneldebatt.

    • Inge Tangerås, Cruise Norway
    • Tor Christian Sletner, CLIA
    • Geir Kronbæck, RCCL
    • Sandra Diana Bratland, Carnival Corp.
    • Astrid Bergmål, Virke Reiseliv
    • Ole Michael Bjrøndal, NHO Reiseliv
    • Erik Joachimsen, Cruise Nord-Norge & Svalbard
    • Hans Jacob Walnum, Vestlandsforsking
    • Jon Olav Stedje, Aurland Hamnevesen
    • Anne Marit Bjørnflaten, Hurtigruten

  • 11.30-12.30

    Lunsj

  • 12.30-13.20

    Den nye Hamne- og farevasslova

    Kva endra betingelsar og rammer inneber revidert Hamne- og farevasslov og kva vil dette bety for den enkelte hamn og destinasjon i forhold til lokale avgrensingar og reguleringar?

    Gjennomgang ved Samferdselsdepartementet. Spørsmål og debatt i etterkant.

  • 13.25-13.50

    Tålegrenseanalyse

    Introduksjon til eit analyseverktøy som ulike reisemål kan nytte for å vurdere staden si optimale tåleevne med hensyn til å motta cruisegjester og andre typar tilreisande. Analyseverktøyet er utarbeida av McKinsey Company på oppdrag for World Travel and Tourism Council og er basert på undersøkingar og data frå 34 byar rundt om i heile verda.

  • 13.50

    Kaffipause og beinstrekk

  • 14.10-15.20

    Framtidige energiformer for cruiseskip

    Er det landstraum, batteriteknologi, LNG, hydrogen eller andre energiberarar som er framtida innanfor cruisenæringa? Kva konsekvensar og mulegheiter vil val av energiform ha for reiselivsnæringa og andre leverandørnæringar?

    Innleiing ved Norsk Klimastiftelse og Grønt Skipsfartsprogram, DNV GL.

    Korte innlegg frå representantar som er engasjert i nokre av dei mest aktuelle alternativa. Carnival Corp., Bergen Havn/Plug AS og Ocean Hyway Cluster.

  • 15.25-16.00

    Beredskap knytt til cruisetrafikk i Norge

    Har vi god nok beredskap i samband med uynskte hendingar knytt til cruisetrafikk? Er norske myndigheiter i stand til å handtere alvorlege, uynskte hendingar der fleire tusen passasjerar og mannskap er berørt? Korleis kan vi førebygge for å unngå alvorlege hendingar i framtida?

    Innleiing ved representantar frå Institutt for marin teknikk, NTNU og Stine Sætre, fylkesberedskapssjef, Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

    Spørsmål og debatt.

  • 16.15-16.30

    Oppsummering og konklusjonar

Kontakt

{{ forms.contact.errors.get('name') }}
{{ forms.contact.errors.get('email') }}
{{ forms.contact.errors.get('message') }}
{{ forms.contact.errors.get('recaptcha_token') }}