Ungdomspolitisk utval (UPU) og Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer medlemar frå ungdomsråd i Sogn og Fjordane til nettverkssamling for ungdomsråd på Thon Hotel Jølster, Skei, 17. og 18. november 2018.

Nettverkssamlinga handlar om opplæring i ungdomsrådarbeid. Helga vil verte fylt med lærerike kurs, opplæring i ungdomsrådsarbeid og sosiale aktivitetar. Vi vil hjelpe ungdomane i kommunane til å ha eit ungdomsråd som fungerer godt, slik at ungdom i heile fylket vert høyrde. UPU sitt mål med samlinga er at ditt ungdomsråd skal verte betre og at du skal ha meir å bidra med når du kjem tilbake til din kommune.

MÅLGRUPPE

  • Medlemmar i ungdomsråda, eller andre representantar for ungdommen i kommunar der det ikkje er ungdomsråd.
  • Kvar kommune kan sende tre deltakarar frå sitt ungdomsråd. Kommunar utan ungdomsråd kan sende to deltakarar, t.d. frå elevrådet.
  • Det er kommunane som melder på deltakarar og betaler for deltakinga.

Påmeldingsskjema

Alternativ for deltaking og prisar

•Deltek laurdag og søndag; overnatting på dobbeltrom inkl. lunsj og middag laurdag, og frukost og lunsj søndag: kr 1650.

•Deltek laurdag, inkl. lunsj og middag: kr 900.

•Deltek søndag, inkl. lunsj: kr 500.

Kvar kommune kan sende tre deltakarar frå sitt ungdomsråd. Kommunar utan ungdomsråd kan sende to deltakarar, til dømes frå elevrådet.


Påmeldingsfrist

Bindande påmelding innan 1. november 2018. Avmelding etter fristen blir fakturert fullt ut.

Overnatting

Alle deltakarar skal i utgangspunktet dele rom med ein annan deltakar, av same kjønn. Så langt som råd prøver vi å plassere deltakarane på rom med nokon dei kjenner frå før, og med nokon som er i omtrent same alder. Dersom det er særlege grunnar til det er det også mogeleg å be om overnatting i enkeltrom. Det vil då bli eit tillegg i prisen. Ta kontakt med kontaktperson i fylkeskommunen, Guro Høyvik, for å avtale nærare.

For å melde på fleire deltakarar frå same kommune trykk på den grå knappen "+ Meld på flere" rett under påmeldingsskjemaet.

Kostnader og fakturering
Kostandane for opphald og reise vert dekka av kommunen, og det er difor kommunen som må melde på deltakarar. Fylkeskommunen sender ut faktura til kommunane i etterkant av samlinga. Avmelding etter frist blir fakturert fullt ut.

Samtykkeskjema
Alle deltakarar må fylle ut samtykkeskjema. Mindreårige deltakarar må ha signatur frå føresette på skjemaet for at dei skal få delta på nettverkssamlinga, dette i høve til reiseforsikring, reglar og generell informasjon om nettverkssamlinga. Også myndige deltakarar skal fylle ut og signere skjemaet, og stadfeste at dei er orientert om og godtek reglar, informerer om særskilde behov osv. Samtykkeskjema finn du på fylkeskommunen sine nettsider.

Ordensreglar
Nettverkssamlinga er eitt rusfritt arrangement. Deltakarar som bryt kravet om rusfritt arrangement vert sende heim, på eiga rekning. Om dette gjeld ein person på under 18 år vil fylkeskommunen orientere føresette. Alle deltakarane er gjestar på Thon Hotel Jølster, og skal fylgje det reglementet som er der, m.a. med omsyn til nattero og branntryggleik.

Informasjon til foreldre
Vi ber også om om at brosjyre med informasjon og rammeprogram vert vidareformidla til foreldra til mindreårige deltakarar. Brosjyre med informasjon og rammeprogram finn du på på fylkeskommunen sine nettsider.

 

Ungdomspolitisk utval og Sogn og Fjordane fylkeskommune ynskjer vel møtt til nettverkssamling for ungdomsråd!


Kontaktinformasjon


Guro Høyvik
rådgjevar, nærings- og kulturavdelinga
Sogn og Fjordane fylkeskommune
mob. 415 30 608 (993 65 299)
e-post: guro.hoyvik@sfj.no

 

Kamilla Rivedal
leiar, ungdomspolitisk utval
mob. 482 81 461
e- post: ungdomspolitiskutval@sfj.no

 

Informasjon

Stad
Thon Hotel Jølster
Tid
Frå laurdag 17. november 2018 kl. 13.00
Til sundag 18. november 2018 kl. 14.00
Påmeldingsfrist
Onsdag 14. november 2018 kl. 17.00

Aktiviteten er ferdig og det er ikkje mulig å melde seg på lenger.

Rammeprogram

Laurdag 17. november

  • 13:00 Velkomst, innsjekking og lunsj.
  • 14:30 Velkomen ved ungdomspolitisk utval (UPU) og namneopprop.
  • 15:00 - ca. 18.30, inkl. pausar: kurs, opplæring og føredrag om ungdomsrådsarbeid
  • 19:30: Middag, fint antrekk.
  • 21:00: Sosialt og leikar.
  • 22:30: Programslutt.

 

Søndag 18. november

  • 08:00: Frukost og utsjekk.
  • 09:00 - 12.15:  kurs, opplæring og føredrag om ungdomsrådsarbeid.
  • 12:15: Lunsj og vel heim!

 

Detaljert program vert sendt ut etter møte i ungdomspolitisk utval 26. til 28. oktober.

Kontaktperson


Guro Høyvik
rådgjevar, kulturavdelinga
Sogn og Fjordane fylkeskommune
E-post: guro.hoyvik@sfj.no 
Tlf.:415 30 608 (993 65 299)

Følg eller ta kontakt med UPU på Facebook: facebook.com/upusfj/

 

 

{{ forms.contact.errors.get('name') }}
{{ forms.contact.errors.get('email') }}
{{ forms.contact.errors.get('message') }}
{{ forms.contact.errors.get('recaptcha_token') }}