Ein ny region veks fram

Hordaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer til felles kulturkonferanse i Bergen torsdag 21. mars.

Konferansen vart streama. No kan du sjå heile konferansen i opptak: Følg denne lenka.

Påmeldingsfristen var 5. mars, og påmeldinga er no stengt.

Foto: David Zadig

Bilete frå Radio Fjellom, Teaterfestivalen i Fjaler 2017. Fotograf: David Zadig 

Konferanseprogram

09.30 -  Registrering

10.00 - Opning

Forfattar Erlend O. Nødtvedt les frå boka Vestlandet

Videohelsing frå kulturminister Trine Skei Grande

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun, Hordaland og fylkesordførar Jenny Følling, Sogn og Fjordane

Ungdomens fylkesutval (Hordaland) og Ungdomens politiske utval (Sogn og Fjordane)

Møteleiar: Beate Husa, leiar for utval for kultur, idrett og regional utvikling i Hordaland fylkeskommune

10.30 - Kulturen si kraft i nye regionar

Jon Paschen Knudsen, førsteamanuensis, Institutt for arbeidsliv og innovasjon, Univer­site­tet i Agder

11.10 - Kultur er demokrati

Korleis legg vi best til rette for eit kultur- og idrettsliv, som ein relevant og representativ basis i bygging av demokratiet?

- Katti Hoflin, kulturchef i Västra Götalandsregionen, Sverige
- Inga Bolstad, Riksarkivar
- Karen Espelund, fylkesdirektør for kultur og folkehelse, Trøndelag fylkeskommune

12.00 - Lunsj

13.00 - Musikalsk kveik - Kjetil Møster

13.10 - Korleis skal Vestland fylkeskommune gje næring til kulturlivet?

Forventingar og innspel frå sentrale aktørar i kultur- og idrettslivet i Hordaland og Sogn og fjordane. Møteleiar: Karen Marie Hjelmeseter, leiar for hovudutval for næring og kultur i Sogn og Fjordane fylkekommune. 

- Bernt Bauge, direktør Harmonien
- Kjartan Aa Berge, administrerande direktør for musea i Sogn og Fjordane
- Nils R. Sandal, leiar av interimstyret Vestland idrettskrins
- Jon Skjerdal, Nattjazz
- Adriana Alves, leiar Bildende Kunstneres Forening Hordaland

14.10 - Beinstrekk og kaffi

14.30 - Ein ny vår for kultur- og idrettspolitikken?

Kva er dei nye fylkeskommunane sitt handlingsrom på kultur- og idrettsfeltet? Har institusjonane noko å frykte? Kva forventningar har kommunane til den nye fylkeskommunen? Vil regionalpolitisk styring føre til eit betre utvikling? Korleis vil politikarane ta ansvar for ein regional kulturpolitikk? 

Debattleiar: Frode Bjerkestrand, kulturredaktør i Bergens Tidende.

Julie Andersland (V), Harald Offerdal (Ap), Silja Ekeland Bjørkly (H), Arve Helle (Ap), Terje Søviknes (Frp), Jon Askeland (Sp), Trude Brosvik (Krf), Åsmund Berthelsen (SV), Gunnhild Berge Stang (V)

15.15 - Takk for i dag og vel heim. 

Per Morten Ekerhovd, direktør for kultur, idrett og inkludering, Vestland fylkeskommune. 

Kl. 15.30 startar årsmøte og konferanse i Norsk kulturskoleråd avd. Hordaland og Sogn & Fjordane på Grand Hotell Terminus.

Kveldsarrangement onsdag 20. mars

Onsdag kveld vert det sosialt samvær og kulturelt innslag: Bli med på framsyninga "Heim 2 - Ei musikalsk vestlandskrønike, del 2: 1975 – 1985" på Hordaland Teater kl 19.00. Prisen er kr. 290. Frist for bestilling av teaterbillettar er 1.februar.

Kontaktperson: Ruth Ørnholt

 

 

Påmeldingsskjema

Påmeldingsfristen var 5. mars, men vi har nokre restplassar og opnar no opp for påmelding fram til kl. 15.00 onsdag 13. mars. 

 

Informasjon

Tid
Torsdag 21. mars 2019 kl. 09.30 - 15.30
Påmeldingsfrist
Onsdag 13. mars 2019 kl. 15.00

Aktiviteten er ferdig og det er ikkje mulig å melde seg på lenger.

 

Kontakt

{{ forms.contact.errors.get('name') }}
{{ forms.contact.errors.get('email') }}
{{ forms.contact.errors.get('message') }}
{{ forms.contact.errors.get('recaptcha_token') }}

 

Innleiarar

Inga Bolstad har vore riksarkivar i 4 år og leiar det statlege Arkivverket. Tidligare har ho mellom anna leia Skatteetatens IT- og servicepartner samt avdelinga Organisasjonstjenester i Skattedirektoratet. Bolstad har utdanning frå BI innan strategi og leiing.  
Karen Espelund er Fylkesdirektør for Kultur og folkehelse i Trøndelag fylkeskommune. Ho var generalsekretær i Norges fotballforbund frå 1999 til 2009.  
Katti Hoflin har vore kulturchef i Västra Götalandsregionen i Sverige i vel eit år. Ho har brei bakgrunn frå media, arbeid med barnekultur, har vore kulturhusleiar og biblioteksjef i Stockholm m.m.  
Jon Paschen Knudsen er førsteamanuensis ved Universitetet i Agder, og har ei utdanning innan samfunnsgeografi frå Lunds Universitet. Knudsen har delteke i regjeringa sitt ekspertutval for oppgåver til de nye fylkeskommunene.   

Bernt Bauge har vore administrerande direktør for Bergen Filharmoniske orkester sidan 2010. Han har tidlegare vore direktør ved Den Norske Opera & Ballett og ved Trøndelag teater. Bauge har i tillegg hatt fleire verv, blant anna i Norsk teater- og orkesterforening, Dronning Sonja internasjonale musikkonkurranse og styringsgruppa for Prosjekt nytt operahus.

Kjartan Aa Berge er administrerande direktør ved Musea i Sogn og Fjordane. Han kom frå stillinga som direktør i revisjons- og konsulentselskapet EY då han vart tilsett i Musea i Sogn og Fjordane sommaren 2017. Aa Berge er utdanna siviløkonom og statsautorisert revisor og bur i Hyen i Gloppen kommune.

Nils R Sandal er leiar i interimstyret i Vestland idrettskrins. Han var fylkesordfører i Sogn og Fjordane frå 1999 til 2011, og ordførar i Gloppen kommune i ein tiårs-periode før dette. Sandal har vore engasjert i kultur- og idrettslivet gjennom mange år; han var m.a. sentral i etableringa av countryfestivalen på Breim.

Jon Skjerdal har vore festivalsjef for Nattjazz sidan 1992, og har beina godt planta i kulturlivet i både Hordaland og Sogn og Fjordane, både i bygd og by. Skjerdal har m.a. erfaring frå kommunalt kulturarbeid, starta Balejazz i 1990, starta Skald Forlag i Leikanger 1991, i dag styreleiar og medeigar.  Skjerdal har også vore medlem i musikkutvalet i Norsk kulturråd.

Adriana Alves er avtroppande styreleiar i Bildende Kunstneres Forening Hordaland (BKFH) og jobbar som utøvande kunstnar basert i Bergen. Ho arbeider hovudsakleg med video, og har delteke på separat- og gruppeutstillingar, nasjonalt og internasjonalt. Alves har også jobba for/jobbar for kunstinstitusjonar på vestlandet, t.d. Lydgalleriet, Hå gamle prestegard og Kunsthall 3,14. 

Kjetil Traavik Møster er jazzmusikar og komponist busett i Bergen. Har gjort seg gjeldande som ein framifrå saksofonist både i norsk og utanlandsk musikkliv gjennom mange år. Møster har vore sentral i fleire band, ikkje minst i the Core  og Møster!. Møster er innom mange sjangrar i sin musikk, og han har også spelt med t.d. Datarock, Zanussi Five,  Crimetime Orchestra og Röyksopp. Møster vart i 2005 kåra til årets internasjonale jazztalent under 30 år av International Jazz Festivals Organization og International Association For Jazz Education. Han har også moteke Nattjazzprisen (2006) og Vossajazzprisen (2009).

Erlend O. Nødtvedt debuterte i 2008 og har sidan utgitt 2 diktsamlingar. Med ein energisk, vilter og besvergande form har han brakt noko nytt inn i norsk poesi. Nødtvedt har vunne fleire prisar for diktinga si, som Bjørnsonstipendet i 2012, Bokhandlerforeningens forfatterstipend i 2015 og Premio Ostana i 2017. Han vart kåra til ein av dei ti fremste unge, norske forfattarane av Morgenbladet og Norsk Litteraturfestival i 2015. Hausten 2017 ga Nødtvedt ut sin første roman «Vestlandet», som fekk strålande mottaking.