Stad:
Høgskolesenteret på Bislet, bygg P48, auditorium P173. Pilestredet 48, Høgskolen i Oslo og Akershus
Tid:
Torsdag 09. november 2017 kl. 09:00 – 14:30

Velkomen til seminar om prosjektet Lesarhistoria – ny veg til lesaren.

Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Høgskolen i Oslo og Akershus og fem kommunar i Sogn og Fjordane har gjennom eit treårig prosjekt sett på korleis vi kan utvikle formidlingspraksisar med utgangspunkt i barns og unges lesarhistorier. Målet har vore å auke kunnskapen om korleis bibliotek, skular og barnehagar kan samarbeide om å skreddarsy formidlinga til den einskilde.

Prosjektet skal avsluttast i år, og vi presenterer det no på Høgskolen i Oslo og Akershus 9. november.

Seminaret er ope for alle og gratis. Påmeldingsfrist 1. november. 

 

  Program (med atterhald om endringar)
09.00 Opning ved lesegledar Trond Strand, filialstyrar Hauge, Bremanger kommune
09.10 Velkomst ved instituttleiar Tor Arne Dahl ved HiOA
09.15 Lesarhistoria – bakgrunnen for prosjektet ved fylkesbiblioteksjef i Sogn og Fjordane Siri Ingvaldsen
09.25 Vegen mot målet – om planlegging og gjennomføring ved prosjektleiar Bente Lund
09.50 Tidleg start. Om å skape lesarhistorier gjennom samarbeid ved pedagogisk leiar ved Davik barnehage, Astrid Olsbø
10.20 Pause
10.30 Uprisen – gode og dårlege leseopplevingar ved lærar Liv Ese frå Sagatun skule
11.00 Tidleg danning. Om å skape trygge bibliotekbrukarar ved Ann Kristin Hovstad ved Gloppen folkebibliotek og lærar Reidun Sandøy Os ved Nordstranda skule
11.30 Enkel lunsj
12.15 Tre lesarhistorier – presentasjon og erfaringar frå Sogndal kommune ved Bente Lund
12.35 Brev til bibliotekaren! ved Lise Monsen ved Flora folkebibliotek og skulebibliotekar Torhild Madsen ved Krokane skule
13.05 Pause
13.15 Lesarhistoria - ettertankar litt i forkant ved førsteamanuensis Silje Linhart og professor Kjell Ivar Skjerdingstad, HiOA
14.25 Avrunding, programslutt kl. 14.30

Prosjektet er støtta av Nasjonalbiblioteket.