Invitasjon til fagdag 20. mars om resultata frå Ungdataundersøkinga

Informasjon

Stad
Thon Hotel Jølster
Tid
Frå tysdag 20. mars 2018 09.30
Til tysdag 20. mars 2018 14.30
Påmeldingsfrist
Måndag 19. februar 2018 12.00

På initiativ frå Sogn og Fjordane fylkeskommune og Kompetansesenter Rus – region Vest Bergen blei det våren 2017 gjennomført Ungdataundersøking i fleire kommunar og i vidaregåande skular i Sogn og Fjordane. På eit seminar i juni blei resultata på fylkesnivå presenterte.

Fylkeskommunen, KoRus og RVTS ynskjer med dette å invitere til ein fagdag om resultata og vegen vidare. Kvar kommune kan stille med fem-seks personar og dei vidaregåande skulane kan stille med inntil fire personar. Føremålet er å få i gang ein diskusjon og ei vurdering av kommunane og dei vidaregåande skulane sine lokale Ungdataresultat. Målsettinga er å styrke dialog på tvers av avdelings- og forvaltningsnivå. I fellesskap kan vi få betre innsikt i korleis kunnskapen frå undersøkinga kan bli brukt for å gjere arbeider i kommunen endå betre. Det kan vere i det praktiske arbeidet, i planarbeid, i folkehelseoversikt, planlegging/igangsetting av førebyggjande tiltak, undervisning i skule eller anna. Store delar av dagen vil vi samle deltakarane regionvis, og målet er at dette skal opne for å sjå utfordringar og løysingar også på tvers av kommunegrensene.

Vi oppmodar til deltaking frå fleire og ulike einingar som til dømes samfunnsplanleggarar, rektorar, elevinspektørar, representantar frå politisk nivå, teknisk sektor, folkehelsekoordinator og andre som har mynde, interesse og påverknad på arbeidet overfor barn og unge i kommunen. Vi oppmodar kommunen til å invitere med representantar frå elevråd og ungdomsråd til fagdagen.

Fagdagen blir arrangert 20. mars 2018 på Thon Hotel Jølster. Tidligare har det vore oppgitt at deltakarane sjølv skal dekke dagpakke på hotellet, men vi har no bestemt oss for at Sogn og Fjordane fylkeskommune, RVTS og KoRus dekker dagpakke på hotellet for deltakarane frå kommunane og dei vidaregåande skulane.

Deltakarane må framleis dekke reiseutgifter sjølv.

 

Ved spørsmål ta kontakt med:

Stine Mari Nytun Leirdal, Sogn og Fjordane fylkeskommune, tlf: +47 57 63 80 42 | e-post: stine.mari.nytun.leirdal@sfj.no eller
Randi Vartdal Knoff, KoRus vest Bergen, tlf: +47 55 90 86 32 | e-post: randi.vartdal.knoff@bergensklinikkene.no

Påmeldingsskjema

Informasjon

Stad
Thon Hotel Jølster
Tid
Frå tysdag 20. mars 2018 09.30
Til tysdag 20. mars 2018 14.30
Påmeldingsfrist
Måndag 19. februar 2018 12.00
{{ form.errors.get('recaptcha_token') }}

Program

Program
(med atterhald om endringar)

09:30-10:30    Velkommen v/ plansjef Synnøve Stalheim

                        Innleiing ved:

                                    Sogn og Fjordane fylkeskommune

                                    KoRus Vest Bergen

                                    RVTS VEST

10:30-10:45    Pause

10:45-11:45    Gruppearbeid 1

11:45-12:30    Lunsj

12:30-13:15    Gruppearbeid 2

13:15-13:30    Pause

13:30-14:00    Regionvis oppsummering frå gruppearbeidet

14:00-14.30    Vegen vidare

 

 

Informasjon

Det er viktig at alle deltakarane er kjende med og har med alle rapportane frå sin kommune/skule, enten på datamaskin eller papir. Rapportane er viktige arbeidsreiskap.

Ta kontakt om de manglar rapport(ane).

Under innleiinga frå fylkeskommunen vil vi blant anna presentere nye resultat som syner skilnader mellom hybelbuarar og ikkje-hybelbuarar, og skilnader i leverkår blant ulike sosioøkonomiske grupper.

Vi veit at de, både i kommunane og på dei vidaregåande skulane, møter problemstillingar som kan belysast gjennom Ungdataundersøkinga. For at innleiingane skal bli mest mogleg relevante håpar vi at så mange som mogleg kjem med innspel til tema som kunne vore interessant å høyre meir om. Send desse eller ring til Stine Mari Nytun Leirdal.

 

 

Gruppearbeid 1  

Alle skal på førehand ha gjort seg kjend med resultata for sin kommune/skule.

Med bakgrunn i resultata;

  • Kva resultat overraska dykk?
  • Korleis har de arbeida med resultata til no?
  • Korleis arbeider kommunane som også husar vidaregåande skule med resultata?
    • Kva meiner de er gode/tilfredsstillande resultat for kommunen/skulen?
      Velg ut tre områder/tema
    • Kva tenkjer de er årsaka til det positive resultat?
    • Kva må til for at dette resultatet skal vare ved eller bli endå betre?
  • Er det områder/tema de treng meir informasjon om frå andre tenester/etatar?

Gruppearbeid 2  

Alle skal på førehand ha gjort seg kjend med resultata for sin kommune/skule.

Med bakgrunn i resultata;

  • På kva område/tema ser de eit utfordringsbilete?
    Velg ut tre områder/tema om det er mange
  • Kva trur de er årsakene til at situasjonen er slik?
  • Kva tiltak eller innsatsar kjenner de til eksisterer på desse områda?
  • Er det noko på desse områda de manglar gode nok kunnskapar om?
    Kvar eller hos kven kan dokker hente inn slik kunnskap?

Plenumsdiskusjon

  • Korleis vil de gå fram for å setje desse utfordringsbileta på dagsorden i kommunen/skulen?
    Kven vil det vere naturleg å diskutere/ta opp desse utfordringsbileta med

Vegen vidare

Spørsmål til plenumsdiskusjon

  • Kva må til for at kommunen/skulen sjølv kan presentere og bruke resultata i eigne kommunale fora, som t.d. politiske utval, i etatar/avdelingar i undervisning, blant skuleleiarar, foreldremøte, elevråd osv.
  • Er det behov for å etablere ei Ungdatagruppe i kommunen eller regionen, eller kan ein jobbe med problemstillingane i andre fora? Kven bør delta i eit slikt fora?

Deltakarar

  • Fornamn

    Etternamn

  • Stine Mari Nytun Leirdal
  • Kristin Rivedal Yndestad
  • Kari-Ann Bruland
  • Britt Marit Stadheim
  • Linda Hvidsten
  • NINA BYGSTAD
  • Morten-E. Jahren
  • Jan Kåre Stedje
  • Doris Rutledal
  • Lillian Vassbotten
  • Åslaug Haugset
  • Ragna Haaland
  • Torill Thorbjørnsen
  • Torild Natvik
  • Astrid Andersen
  • Kari Orrestad Christiansen
  • Laila Årøy
  • Kjetil Sønnesyn
  • Charlotte Bringe
  • Linda Habbestad Skorve
  • Kari Synnøve Muri
  • Gro Hovland
  • Solveig Berstad Sande
  • Svein Ove Åmås
  • Kristin Otneim Aarsnes
  • Jorunn Nyttingnes
  • Vivian Tvinnereim
  • Inga Haaland
  • Åse Julusmoen
  • Kjetil Nordvik
  • Mikhail Sukhanik
  • Frida Grane
  • Jorunn Vigdal
  • Silje Berge