Regjeringa vil gjennom Yrkesfaglærarløftet satse på kompetanseutvikling av yrkesfaglærarane. Elevane/lærlingane møter eit arbeidsliv i stadig endring, difor er det viktig at yrkesfaglærarane har god oppdatert kompetanse i sine fagområde.

Yrkesfaglæraren har opparbeidd ein god del av kompetansen sin gjennom å hente erfaringar frå arbeidslivet. Å vere yrkesfaglærar inneber også å ha kjennskap til og kontakt med bedrifter, mellom anna for å kunne hjelpe elevar med praksisplassar og læreplassar.

Det overordna målet med denne satsinga er:

  • auka rekruttering og kvalifisering av yrkesfaglærarar
  • god kvalitet og relevans i yrkesfaglærarutdanninga
  • gode høve for kompetanseutvikling  

 

Fylkesdirektøren prioriterer skular som melder på tre eller fleire yrkesfaglærarar.  Lærarane treng ikkje å undervise innan same programområde. Kravet om minimum tre deltakarar frå kvar skule er utifrå erfaringar frå pilotstudia som er gjennomført dette skuleåret.  Vi ser at effekten på utviklingsarbeidet på skulen/ studiet er best  på dei skulane der det er tre eller fleire som deltek. 

Studiet er finansiert av statlege og fylkeskommunale midlar. Studiedagane vert på yrkedagar.

Opptakskrav: Fullført lærarutdanning og 2 års praksis som yrkesfaglærar. I tillegg må dei ha fast stilling og arbeidd to år som lærar."Avdelingsleiarar, instruktørar og faglege leiarar kan også søke, og vil få ei individuell vurdering om dei ikkje stettar opptakskrava. Desse vil bli vurdert individuelt, og får då tilbod om å ta det som ei etterutdanning med kursbevis dersom dei ikkje er kvalifisert for opptak.

Det betyr at dei må laste opp dokumentasjon frå vidaregåande skule, høgare utdanning og arbeidspraksis.

NB! Påmeldingsfrist:1. mars

 

 

 

Siste frist for påmelding: 1.mars 2018 

Fylkesdirektøren lyser med dette ut vidareutdanningstilbod for yrkesfaglærarar. Det er fylkeskommunen som skuleeigar som gjer opptaket i samarbeid med rektorane ved dei vidaregåande skulane.

Høgskulen Vestlandet tilbyr tre vidareutdanningar komande skuleår. Studiet " framtidas skule" kan du enten ta over eitt heilt eller eit halvt år. Ver merksam på det når du søkjer.

  

Vidareutdanningar

Periode

Studentar

Framtidas skule - Kompetansar i det 21. århundre

(Industri 4.0 & 21st Century skills for TIP, BA og EL )

Desse to studia vert lyst ut for både Hordaland og Sogn og Fjordane

 

1:Haust 2018 + Vår 2019    

2:Vår 2019

1: 30 studentar

2: 20 studentar

Omsorgsteknologi for yrkesfaglærarar i helse og omsorg

Dette studiet vert lyst ut for både Hordaland og Sogn og Fjordane

 

Haust 2018

30 studentar

Yrkesfagleg kompetanse – i breidde og djupne

Dette studiet vert kun lyst ut i Sogn og Fjordane

Vår 2019

15 studentar

Påmeldingsfrist

Påmeldingsfristen er passert, det er ikkje lenger mogleg å melde seg på. Ta kontakt ved spørsmål.

Høgskulen Vestlandet tilbyr tre vidareutdanningar komande skuleår. Studiet " framtidas skule" kan du enten ta over eitt heilt eller eit halvt år. Ver merksam på det når du søkjer.

Denne sida vert oppdatert etter kvart som vi får info frå høgskulen( HVL)

Yrkesfagleg breidde og djupne

Omsorgsteknologi

Framtidas skule

 

Opptakskrav: Fullført lærarutdanning og 2 års praksis som yrkesfaglærar. "Avdelingsleiarar, instruktørar og faglege leiarar kan også søke, og vil få ei individuell vurdering om dei ikkje stettar opptakskrava. Desse vil bli vurdert individuelt, og får då tilbod om å ta det som ei etterutdanning med kursbevis dersom dei ikkje er kvalifisert for opptak.

Det betyr at dei må laste opp dokumentasjon frå vidaregåande skule, høgare utdanning og arbeidspraksis.

 

Påmeldingsfrist: 1. mars

 

 

Ta gjerne kontakt for meir info med:

Sissel Espe

rådgjevar, opplæringsavdelinga

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Askedalen 2, 6863 Leikanger

www.sfj.no | Sissel.Espe@sfj.no

sentralbord: +47 57638000 | mob: +47 48152638

 

 

 

Skulen får finansiering for yrkesfaglærarane på lik linje med lærarar som har teke del i " Kompetanse for kvalitet"

Vikarordning: Lærar skal frigjerast frå ordinære arbeidsoppgåver tilsvarande 18,75 % av full stilling på 15 stp.  Skulen inngår lokal avtale med lærar. 

Stipendordning: Skulen får 55 000 kr for yrkesfaglærarar som tek 15 stp.Skulen inngår lokal avtale med lærar.

Søkjarar til vidareutdanning må krysse av for kva ordning de prioriterer. Utdanningsdirektoratet avgjer kva ordning vi får tildelt.